Sport
seniorsymjing
Me ønskjer å skapa ein arena for aktivitet, meistring, helse og sosialt samvær for vaksne i Bømlo symjehall. Seniorsymjing er tiltenkt godt vaksne. Her er ingen klar aldersgrense, har du behov for trening og samvær med andre i eit litt rolegare miljø, er du velkommen. Dette kan vera gravide, eller andre med ein eller annan form for kropslige plager der rørsle i vatn har god effekt.
Ein kan symje i begge bassenga, alt etter kva ein ønskjer. Badstuene er også oppvarma og klar til bruk:-)
Me har ei økt med Aqua Gym kl 12.45 til 13.15 på seniorsymjinga, dei som ønskjer kan delta.