Dans
Trening - Bremnes drill
Me har trening kvar onsdag kl. 17.30–19.00, og her er det alltid fullt av energi, smil og meistring! Utøvarane får lære alt frå drillstavtriks til danseteknikk, showprogram og paradeprogram, ein god kombinasjon som gir både utfordringar og mestringsglede. Drillarane våre deltek på fleire spennande konkurransar gjennom året, og er sjølvsagt alltid med og sprer glede i 17. mai-toget i dei største krinsane. Dei yngste medlemmane våre blir tatt godt vare på av dei dyktige ungdomsinstruktørane våre, som har mange års erfaring og eit stort engasjement for drill. Me tar i mot nye aspirantar, og både gutar og jenter er varmt velkomne hos oss.