Teater
Teater
Undervisningstida aukar med alder. For dei minste vert det lagt vekt på grunntrening og øvingar/ leik. For dei eldre vert det lagt vekt på undervisning i skodespelar- og tekniske disiplinar som t.d. kropp, stemme, mimikk og arbeid med manuskript. Elevene kan starta undervisning frå andre klasse og oppover. Fordjuping vert avtalt mellom lærar og elev. Undervisninga føregår i eigne lokale i kulturhuset. Teaterelevane vert rekrutterte til Bølo barne- og ungdomsteater som er ein frittståande organisasjon med eige styre.