← Alle hendingar

Musikk

Bømlo skulekorps

Musikantane får undervisning på instrumentet sitt gjennom kulturskulen ein gong i veka, og er med på fellesøving ein gong i veka. Me byter på å øva på Svortland og Rubbestadneset skule. Målet er at alle skal få utvikla seg musikalsk og oppleva speleglede i eit fellesskap med sunne interesser og godt kameratskap.

Kva er ditt instrument? Bømlo skulekorps er eit janitsjarkorps, det vil seia at me brukar både treblås-, messing- og slagverk-instrument. Korpset har gode instrument som musikantane får låna gratis så lenge dei spelar i korpset. Dei meste vanlege instrumenta i vårt korps er:

• fløyte • klarinett • saxofon • kornett • trombone • euphonium • tuba • slagverk