← Alle hendingar

Musikk

song

Bømlo Kulturskule tilbyr songundervisning frå 5. klasse og oppover, med fokus på songteknikk, formidling og songglede. Repertoaret spenner frå pop og rap til opera og klassisk, og elevane kan velje eigne songar. Dei får øving i å opptre gjennom konsertar tilpassa kvar elev. Frå ungdomsskule til 25 år kan ein delta i Bømlo Ungdomskor, som syng på kulturskulen sine adventskonsertar. Me har også sanggruppe for 1.–4. klasse. Undervisninga skjer på Bømlo Kulturhus og Moster skule.