← Alle hendingar

Musikk

Hillestveit Musikkorps

Dirigent for korpset er Tone Christin Lium Røssland.

Me har korpsøving ein gong i veka, kvar onsdag frå kl 1815-2000, og i tillegg har elevane speleundervisning ein gong i veka i skuletida.

Elevene kan starta undervisning frå 2. - 3. klasse.

Korpset er med på 1-2 konkurransar i året, speler konsertar, har eitt seminar på hausten og eitt på våren. I tillegg har me det veldig sosialt og finn på mykje kjekt.