Sport
Masters - symjetrening for vaksne
Vi trenar om morgonen kl 06:10 og har som regel ein trenar til stades som gjerne veileder. Passar for alle nivå men ein kan gjerne ha eit mål om å forbedre teknikk og ønske om å lære seg crawl, rygg, bryst og kanskje til og med butterfly. Treninga er samstundes med juniorgruppa så treningssett er som regel for dei, men det er fullt mulig å tilpasse etter eige ønske og kapasitet. Sosialt og kjekt, og ein fin start på dagen.