Musikk · Bremnes
Romjulsdans
Alt ligg til rette for ein forrykande Romjulsdans i Bømlohallen LAURDAG 26. DESEMBER 2026 KL. 20:00. Billettsalet er OPE!
18 års aldersgrense.
Fönt Häär er eit coverband frå Bømlo som starta opp i 2021. Bandet består av fem karar med sans for rock, livemusikk og god stemning. På repertoaret står kjente låtar med trøkk, groove og høg allsangfaktor – med mål om å skapa liv både foran scenen og på dansegulvet.
Marius&Farius har dei siste åra spelt seg inn i hjarter over heile Vestlandet. Den karismatiske far-son duoen serverer kjente og kjære låtar med kvalitet, humor og glimt i auge. Med eit repertoar så stort som dagen er lang er dei garantistar for allsang og dansestemning.