BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//hendingar.no//NONSGML hendingar//NN
CALSCALE:GREGORIAN
METHOD:PUBLISH
BEGIN:VEVENT
UID:hending-1293@hendingar.no
DTSTAMP:20260925T004306Z
DTSTART:20261007T090000Z
DTEND:20261008T123000Z
SUMMARY:Haust på museet!
DESCRIPTION:Kva med ein tur på museet i haustferien?\n\nSunnhordland museu
 m intviterer til aktivitetsdagar i haustferien. Verkstadaktivitetar: Onsda
 g 7.oktober kl.11-14.30 Torsdag 8.oktober kl.11-14.30\n\nForteljarstund i 
 Ådlandsstovo: Onsdag 7.oktober kl.13.00 Torsdag 8.oktober kl.13.00\n\nHau
 sten er\, som ordet røper\, tida for å hauste fruktene av det ein har s
 ådd. Me har fått epla i hus\, og i år vert det difor mogleg å lage seg
  ein eplekrans under "haust på museet". Sauene har kome ned frå fjellet\
 , og Husflidslaget kjem for å hjelpe oss å tove karda ull til fine nøkk
 elringar. På våte haustdagar er det kjekt å leike med båtar i bekken. 
 Under "haust på museet" kan du få snekre deg din heilt eigen båt. Når 
 haustmørket kjem snikande er det kjekt med inneleik. På museet kan du og
 så i år lage deg nokre fine papirdokker. Treng du inspirasjon til arbeid
 et med dette\, så kan du ta deg ein tur innom utstillinga "Den vesle mann
 s kunst"\, og sjå på alle dei finurlege dokkene som er utstilt der. I Ha
 tlandsløa kan små og store få byggje rom- og huskonstruksjonar med laft
 esett. Har du lyst til å gå på skogsbingo i museumsparken\, så finn du
  bingo-brett "på løo". Under "haust på museet" tenner me stearinlysa i 
 Ådlandsstova\, og har forteljarstund. Her får ein høyre om tussar\, tro
 ll og andre underjordiske skapningar. Kanskje vert det ei strofe om Nøkke
 n også?\n\nPris: 100\,- for barn og ungdom. Vaksne går gratis i følgje 
 med barn og unge desse dagane. Elles er det ordinær billett for dei som b
 erre vil besøke utstillingane. Det blir ope i museumskaféen med sal av v
 aflar\, kaffi/te og saft Lyst å prøve deg på escaperoom i haustferien? 
 Les meir her.\n\nhttps://sunnhordland.museum.no/events/haust-pa-museet-2/
LOCATION:Sunnhordlandstunet
URL:https://hendingar.no/hending/1293-haust-paa-museet
END:VEVENT
END:VCALENDAR
