Anna · Bømlo
Kvinner og felleskap. Ein møtestad for kvinner
Har du lyst til å bli kjent med nye menneske, få nye vennskap og vere ein del av eit godt fellesskap? Onsdag 8. oktober kl. 18-20 inviterer Kvinner og fellesskap, ei undergruppe av 8. mars initiativet Bømlo, til ein møtestad for kvinner her i biblioteket. Dei startar opp ei ny gruppe for kvinner der dei ønskjer at ein kan: bli kjent og bygge nye vennskap skape nye opplevingar og aktivitetar i lag støtte, inspirere og heie på kvarandre skape ein trygg og inkluderande møtestad motverke einsemd og utanforskap Alle kvinner er velkomne – uansett alder, bakgrunn og livssituasjon. Kom som du er, me håper å sjå deg. Velkommen!