BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//hendingar.no//NONSGML hendingar//NN
CALSCALE:GREGORIAN
METHOD:PUBLISH
BEGIN:VEVENT
UID:hending-1261@hendingar.no
DTSTAMP:20260922T135220Z
DTSTART:20270122T170000Z
DTEND:20270122T183000Z
SUMMARY:«Frå okse til A»
DESCRIPTION:Bas Vlam Frå okse til A\n\nEit føredrag om bokstavane si lang
 e vandring frå bilde til bokstav: Korleis kunne hovudet til ein okse i ho
 la på Altamira bli til den første bokstaven i alfabetet vårt? Har alle 
 bokstavane blitt til gjennom ein lang prosess\, eller har nokre kloke menn
 eske berre bestemt forma etter eige hovud? Korleis påverka materialane de
 nne utviklinga og kvifor blei ikkje runene den skriftforma alle skulle bru
 ka? Kvifor er skriftforma i nokre land så annleis enn det latinske alfabe
 tet vårt? Desse og nokre fleire spørsmål skal Bas Vlam kåsere rundt n
 år han vitjar Halsnøy kloster\, fredag 22. januar.\n\nBas Vlam er født 
 i 1963 i Nederland\, men bur på Askøy utanføre Bergen. Bas har studert 
 kalligrafi i Nederland og England og har vore på mange kurs med anerkjent
 e kalligrafar som Donald Jackson\, Jean Larcher\, Gaynor Goffe\, John Wood
 cock\, Manny Ling\, David Howells\, Astrid Scholten\, Mary Noble og Ann He
 chle. Bas held kurs og føredrag i kalligrafi\, brushlettering og bokbindi
 ng for både vaksne og born\, skriv artiklar og er mykje brukt i Den Kultu
 relle Skulesekken. Kalligrafi er ifølgje snl.no skriftkunst\, eller kunst
 en å skrive bokstavar på en kunstferdig måte. Kalligrafi er eit handver
 k og ein kunnen som stadig færre kan eller kjenner til. Når Bas Vlam vit
 jar Halsnøy kloster og Bergslagen i januar\, vil både den praktiske og t
 eoretiske kunnskapen han har om dei historiske skriftformene bli formidla.
  Skriftkunst\, kjennskap til bokstavane si utvikling\, skriftkultur og skr
 ivekunst heng tett saman: Fram til 1000- og 1100-talet nytta nordmenn rune
 skrift\, som mellom anna vart rissa i tre og stein. Med kristninga av land
 et og dei katolske munkane vart landet introdusert for det latinske alfabe
 tet\, pergament og blekk. Med dette vaks også skriftkulturen vår fram. D
 et er difor svært kjekt å saman kunne invitera til ei slik helg\, som er
  så relevant for historie- og litteraturformidlinga vår\, melder arrang
 ørane Halsnøy kloster og Sunde kyst- og litteratursenter. For dei som vi
 l læra meir om dette vert det halde dagskurs i kalligrafi og enkel bokbin
 ding med kalligraf Bas Vlam på Bergslagen lørdag 23.januar. Meir om kurs
 et og påmelding her: Dagskurs i kalligrafi og enkel bokbinding På dette 
 kurset blir det innføring i bruk av breikantpenn\, samt introduksjon til 
 ei mellomalderskrift som me skal bruka til å lage fine bokmerker. Etter l
 unsj skal me laga ei lita bok\, som me syr og limar saman på ein måte so
 m kan gjentas heime. Har me litt tid til overs har Bas alltid nokre ekstra
  "ess i ermet"! Kurset blir halde i Bergslagen på Sunde. (Maks 16 deltaka
 rar\, kurs frå kl. 10-17\, inkludert lunsj) Velkomne til ein spanande rei
 se!\n\nhttps://sunnhordland.museum.no/events/fra-okse-til-a/
LOCATION:Halsnøy kloster
URL:https://hendingar.no/hending/1261-fraa-okse-til-a
END:VEVENT
END:VCALENDAR
