BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//hendingar.no//NONSGML hendingar//NN
CALSCALE:GREGORIAN
METHOD:PUBLISH
BEGIN:VEVENT
UID:hending-1260@hendingar.no
DTSTAMP:20260922T135150Z
DTSTART:20261204T170000Z
DTEND:20261204T190000Z
SUMMARY:«Eit sus av liv»
DESCRIPTION:Eit sus av liv- frå klosteret si stordomstid ein temakveld med
  konsert av Kammerskoret og filmpremiere for Halsnøy kloster Gjennom ord\
 , tonar og film reiser vi tilbake til tida då klosteret sto i all si prak
 t\, då munkar gjekk mellom murane\, då songdansar akkompagnert av lutt v
 ar hoffunderhaldning i Europa\, då musikken braut laus frå den gregorian
 ske monotonien og menn med pipekrage framførte stadig meir polyfone og or
 dmålande songar i salongane til dei nokolunde velståande. Denne kvelden 
 vil Kammerskoret framføre – og fortelje om musikk frå renessansen – 
 alt frå folkelege drikkeviser til gripande madrigalar om ulukkeleg kjærl
 eik. Og er det ikkje slik som Sigrid Undset skreiv: «Ti sed og skikk fora
 ndres meget\, alt som tiderne lider og menneskenes tro forandres\, og de t
 enker annerledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles 
 intet i alle dager.» Og denne musikken og desse tekstane frå tida da klo
 steret sto på høgda av si makt snakkar så visst framleis til oss i dag.
  Det blir ein god pause i konserten\, med høve til å få seg noko leskan
 de - og då kjem rosinen i pølsa: publikum får sjå den nye animasjonsfi
 lmen frå Halsnøy kloster Anno 1320\, der vi blir tekne med rundt og får
  sjå heile anlegget slik det kan ha sett ut på denne tida. Korleis denne
  har blitt skapt får vi og høyre om av konservator ved Sunnhordland muse
 um\, Helge Pedersen. Slik håpar vi denne kvelden på ein unik måte vil g
 jere historia frå klosteret si stordomstid levande for oss. Me gjer merks
 am på mogelege endringar\, så følg med !\n\nhttps://sunnhordland.museum
 .no/events/eit-sus-av-liv/
LOCATION:Halsnøy kloster
URL:https://hendingar.no/hending/1260-eit-sus-av-liv
END:VEVENT
END:VCALENDAR
