← Alle hendingar

Musikk

Oktoberfest med GOODFOOT

Plakat for Oktoberfest med GOODFOOT

Oktoberfest med Goodfoot 2026

Me ynskjer velkommen til Oktoberfest med Goodfoot laurdag 17. oktober. Her er det berre til å dressa seg opp på passande vis til Oktoberfest, og bli med på den gode stemninga i gjestehamna!

Goodfoot er bandet som bringer den uforgløymelege lyden av 80-talets stadionrock til live att! Med ei setliste som hyllar legender som Bon Jovi, Whitesnake, Def Leppard og Kiss, tek dei deg med på ei musikalsk reise attende til rockens gullalder. Dei skaper også si eiga rockehistorie med eigne låtar, mellom anna musikk som har vore A-lista på Radio 102.

Goodfoot har spela på festivalar som Aibelfest i Haugesund, Skudefestivalen og Fiskeridagane i Åkrehamn, og Fest i vest på Stord, i tillegg til klubbar som Backstage og Alf & Werner i Stavanger.

Kjøkkenet diskar denne gongen opp med vår eigen bakte potet-rett "Poteteventyret". Mat er ikkje inkludert i billettprisen.

Dørene opnar kl 19:30, og Goodfoot går på scena kl 21:00. Ver tidleg ute for å sikra deg plass.

Billettpris kr 380. Aldersgrense 18 år.